Ja no har du levd lenge,
tenk heile 50 år
og dagar som er gjengne
Og eg trur eg vil frambera
ei personleg takk til sist,
I den tid eg her fekk vera -
var det sumt som nok var trist.
Men av sume ljose minne,
hev eg mest frå Ungbjørks' lag
Stundom gjev dei sol i sinnet,
og gjer hugtung natt til dag.
Lars Skår
har nok bode ymse kår
Det hev ikkje alltid vore
særleg greidt å vera, du.
Men det som hev fram deg bore
er vel nett - du hadde tru !