Attende til førstesida

 

Ungbjørk Ungdomslag er grendalaget for  Brekkhus,  Århus og øvste

delen av  Teigdalen.

Laget vart stifta i 1897 og er eit frittståande lag, ikkje knytta til nokon større

organisasjon.

 

Som kartet viser er grendene våre  omkransa av fjell med Eksingedalen i nord,

Evanger i sør og kommunesenteret Voss i aust.

 

 

Vil du vitja oss kan du ta inn på rv. 313 ved Evanger, til Brekkhus

er det omlag 14 km. Eller du kan nå oss via Eksingedalen, over fjellet frå Nesheim.

Vegen gjennom dalen er ein del av ’den grønne sløyfa’, den kan du lesa meir

om her http://www.dengronesloyfa.no.

 

På Brekkhus ligg grendahuset vårt ’Fjelltun’, bygd i 1938. Det har gått gjennom

fleire moderniserings og ombyggingsprosessar, men framstår no som eit heilt

         moderne grendahus som rommar omlag 80 – 100 personar.

       

Ved ungdomshuset ligg der også ballbane for dei som ynskjer å  driva med  slike aktivitetar.

 

Laget har omlag 60 medlemer, der noko over halvparten er fastbuande i grenda.

Vi har ymse aktivitetar knytte til ungdomshuset, nokre faste, det vera seg haustfest, førejuls-messa,

 jolefest og 17.mai. I tillegg har vi andre aktivitetar som baking, trim

og ymse anna.

 

 

 

 

 

Attende til førstesida