Attende til førstesida

                                     

        

Slik ser det ut hjå oss:

 

Største del av folket øvst i Teigdalen bur på Brekkhus  og Århus. Her er det

omlag  femten gardsbruk og eit antal bustadhus som ikkje er knytt til gardsdrift.

 

Brekkhus                                                                              Foto: S. Ulvund

        

 

        

Århus – Brekkhus, i bakgrunnen Lii                                              Foto: S. Ulvund

 

 

            Nedover i dalen finn vi gardane Sevaldstad

 

           

            Sevaldstad                                                                             Foto: S. Ulvund

 

           

            og litt lenger oppe Langeland

 

        

            Langeland                                                                            Foto: S. Ulvund

 

            Køyrer ein vegen eit lite stykke oppover mot Brekkhusfjellet og så tek til

venstre kan ein også komma til Lien

 

        

            Inderliæ                                                                                Foto: S. Ulvund

 

           


           

         Øvreliæ                                                                                 Foto: S. Ulvund

 

 

Folketal og utvikling:

 

            Nedtrapping av landbruket har ført med seg ei viss fråflytting frå grendene, men

         folketalet har vore stabilt siste åra.

         Vi ser gjerne at fleire vil bu her, så om det skulle vera av interesse  er vi glade

         for å verta kontakta..

           

 

Arbeid og næring:

 

            Tidlegare var hovudaktiviteten i området basert på gardsdrift, med attåtnæringar

         som kjøttforedling, husflid og leikety- produksjon. Ettersom lønsemda i landbruket

         har avteke år for år har dei fleste arbeid utanfor bygda.

 

         Nokre har arbeidsplassen sin i Evangerområdet og på Voss, medan andre pendlar

         til Bergen, for det meste med tog. Frå Evanger brukar lokaltoget rundt ein time til

Bergen, køyretid frå Brekkhus til Evanger omlag 20 minuttar.

 

Fritid:

 

For dei som er interesserte i å ferdast i naturen er Teigdalen midt i smørauga.

         Her er fjell og vidder på alle kantar, der det er mogelegheiter til jakt og fiske,

         fotturar om sommaren og skiaktivitetar om vinteren. Gjennom dalen renn Teigdalselva

         som trass i regulering grunna kraftproduksjon er ei god sjøaureelv.

         Dalen har ei rik hjortestamme og i fjella rundt er det reinsdyr. Dette er ressursar som

         vi haustar av etter evne.

         For dei interesserte kan ein gå inn under lenkene og finna kontaktpersonar som

         kan orientera meir om aktivitetane i området.

 

                           

                                      Attende til førstesida