Attende til førstesida

 

 

På Brekkhus ligg grendahuset vårt ’Fjelltun’ som dei siste åra har vore gjennom ei

stor ombygging og modernisering.

 

Den nye delen av huset har tre etasjar, garderobe og lagerrom nede, hall,

to toalett og møterom i første etasje samt aktivitetsrom i andre etasje.

I underetasjen er der moderne kjøkken og ’matsal’ som rommar omlag 80

personar.

Oppe er der i tillegg til nybygget  festsal og scene, som der skal vera i eit

 ærverdig ungdomshus.

 

Ynskjer ein å leiga huset til arrangement, ta kontakt undomslaget.

 

 

IMG_2144

                                                                                              Foto: S. Lien

                                

Huset vart sett opp av ungdomslaget i 1938, i det ytre stod bygningen stort sett

 uendra fram til ombygginga i 2002/2003.

Før den tid var underetasjen modernisert med kjøkken og matsal.


 

 

IMG_2170

                                                                                              Foto: S. Lien

Inngangspartiog garderobe

 

 

IMG_2162

                                                                                              Foto: S. Lien

 

Salen og scenen oppe..

 

 

IMG_2210

                                                                                              Foto: S. Lien

Salen nede dekka til fest..

 

 

 

IMG_2197

 

                                                                                              Foto: S. Lien

Kjøkkenet nede er fullt utrusta med oppvaskemaskin og det som trengst..

 

 

P7250024

                                                                                              Foto: S.Lien

Ungdomshuset før ombygginga..

 

 

Slik såg huset ut før. Som ein ser var inngangspartiet heller lite og

der mangla garderobe og toalett. Den siste funksjonen vart ivareteken av den

gamle utedoen, eit praktstykke av ein tosetar som no er blitt pensjonist.

 

I tillegg til at huset vert nytta til alle aktivitetane i ungdomslaget fungerar det

også som møtelokale for ymse andre lag og organisasjonar i bygda. Huset

vert også leigd ut til private eller  andre som har bruk for eit festlokale.

Kontakt leiaren eller den som er ansvarleg for huset om eventuell leiga.

 

Ved ungdomshuset ligg der også ballbane for dei som ynskjer å driva med

 slike aktivitetar. Ballbanen vart bygd av ungdomslaget i 1999 / 2000.

 

        

P5170002

                                                                                              Foto: S.Lien

 

Her er det 17. mai og Evanger Musikklag spelar kjende tonar på ballbanen

ved ungdomshuset.

 

                                      Attende til førstesida